Statusmøte i fiskerinæringa

Saman med Sjøfartsdirektoratet og ei rekkje organisasjonar i fiskerinæringa markerte vi denne veka at det er eitt år sidan vi inngjekk ein samarbeidsavtale om å førebyggje og hindre trakassering i fiskerinæringa.

Flere mennesker ved siden av hverandre utenfor et møterom

Partane er einige om at vi har oppnådd mykje det siste året, men at dette er eit kontinuerleg arbeid som ikkje har ein sluttdato.

Vi snakkar om tryggleik på arbeidsplassen. Det å ha det fint på jobb er ein av dei største tryggleikane som finst i eit menneskes liv. Har du ikkje det, er mykje øydelagt. Det har ikkje vore jobba så målretta som det siste året før, sa ombod Bjørn Erik Thon når han innleidde møtet.

Brei semje om eit felles mål

Alle som var til stades i møtet ytra at denne problematikken må takast på alvor, og det overordna fokuset handlar om å få til ei kulturendring i næringa. Organisasjonane la fram korleis dei har jobba det siste året, og kva som er vegen vidare i arbeidet for å hindre trakassering.

Felles arenaer er viktige. Statusmøte, dialogmøte, men også konkrete tiltak og prosjekt for å sikre kontinuitet i arbeidet, og ha felles konkrete mål.

Ombodet kjem til å fortsette å stille på relevante arenaer, og fortsette å jobbe for å snu trenden med ukultur og trakassering i fiskerinæringa, avslutta Bjørn Erik Thon.

Sjøfartsdirektoratet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Norges Fiskarlag, Ho Fiskar, Kystfiskarlaget, Pelagisk foreining, Sjømannsforbundet og Sjømat Norge var til stades på møtet.