Ombodet er rysta over funn i ny NKVTS-rapport

Der kjem det fram at ei av ti norske kvinner har opplevd alvorleg partnarvald. Ei av fem norske kvinner har vore utsett for valdtekt.

En kvinne som holder hendene foran ansiktet. Bildet er i sort-hvitt

Eg er skaka over funna i den nye NKVTS-rapporten som viser at vald og overgrep mot kvinner er eit vedvarande problem. Dette er eit alvorleg, om ikkje det mest alvorlege likestillingsproblemet  har i det norske samfunnet, seier likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon.

I løpet av perioden juni 2021 til juni 2022 blei 4299 personar i alderen 18–74 år (51 % menn og 49 % kvinner) intervjua per telefon om sine erfaringar med vald og overgrep. Funna viser at vald og overgrep framleis er eit alvorleg samfunnsproblem i Noreg. Omfanget er høgt i befolkninga, og kvinner er særleg utsett for alvorleg vald i nære relasjonar og seksuell vald. Ei av ti norske kvinner fortel at dei har opplevd alvorleg partnarvald. Ei av fem norske kvinner fortel at dei har vore utsett for valdtekt. Fleire av deltakarane i denne studien rapporterer om alvorleg vald, samanlikna med deltakarane i den førre omfangsundersøkinga.

Eg har i etterkant av rapportlanseringa lese mange opprørte kommentarar i media, og det faktum at vald i nære relasjonar og alvorlege seksuelle overgrep ser ut til å auke. Eg er òg svært opprørt, men vi som samfunn kan ikkje stoppe med å berre vere opprørt. Vi må krevje ei endring, seier Thon.

Etterlyser fleire tiltak

Politi og rettsvesen var berre kjende med ein liten del av valden, og under halvparten av dei utsette hadde snakka med helsepersonell om det dei hadde vore utsett for. Utsette rapporterte ofte at dei hadde opplevd fleire typar vald og overgrep. Det kjem òg fram i rapporten at unge menneske hadde særleg høg risiko for å bli utsett for valdtekt, og om lag halvparten av kvinnene som var utsette for valdtekt ved makt eller tvang, blei valdtekne då dei var under 18 år, og dermed å rekne som barn.

Tiltaka vi har i dag fungerer rett og slett ikkje godt nok. Vi har ved fleire høve, sist i vår tilsynsrapport til FN, peika på dei store utfordringane med vald i nære relasjonar og overgrep i det norske samfunnet. Kommunane sitt arbeid med vald i nære relasjonar er i dag langt frå systematisk, og arbeidet som blir gjort varierer stort frå kommune til kommune. Dette må intensiverast, og kommunane må få fleire lovfesta plikter å forhald seg til enn det som er tilfelle i dag, seier Thon.

Ombodet meiner òg at krisesentertilbodet rundt om i landet ikkje er godt nok og må styrkast. Politiet må få både meir ressursar, men òg kompetanse på feltet, noko Riksrevisjonen har påpeikt tidlegare. Ombodet har òg påpeikt overfor FN at vi veit for lite om den seksuelle valden, og at vi har eit stort behov for meir forsking og kunnskap på feltet.

Desse svakheitene må utbetrast og bidra til at fleire kan og vil velje å melde saker til politiet. Dette vil òg vere viktig kunnskap for vidare arbeid og forhåpentlegvis gode spissa tiltak som fungerer, seier Thon.

Fleire av tiltaka som ombodet nemner her, er òg noko som FNs kvinnediskrimineringskomité støttar i sine siste anbefalingar til Noreg.