LOs sommarpatrulje 2023

Ombodet var med då startskotet gjekk for årets sommarpatrulje

Ombudet på besøk hos LO. En mann står å snakker til en liten forsamling.

Formålet med LOs sommarpatrulje er å gje informasjon om arbeidslivet sine plikter og rettar til ungdommar, organisere fleire i eit LO-forbund og hjelpe dei som opplever utfordringar i jobben sin. LOs sommarpatrulje har halde på sidan 1985 og besøkt ungdommar som er i sommarjobbar over heile landet. Over 400 LO-ungdommar er ute på vegen, og besøker godt over 6000 verksemder.

Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon fekk gleda av å vere med på patrulje på opningsdagen 26. juni, og sa følgjande til dei som skulle ut for å gjere dette viktige arbeidet – fysisk i Oslo, og via skjerm til lokallag rundt om i Noreg:

Eg er utruleg glad for å få vere med på opning av LO sin sommarpatrulje, som eg ser på som ein lang og viktig tradisjon.

At LDO er aktivt til stades i dag er heilt naturleg. Vi har ei juridisk rettleiingsteneste som svarar på rundt 2 500 førespurnader kvart år, og det er om lag 50% frå folk som føler seg diskriminerte, og 50% frå bedrifter, kommunar og arbeidsgjevarar. Om lag halvparten av førespurnadene gjeld diskriminering i arbeidslivet. Det betyr at vi har kontakt med 12-1300 folk kvart einaste år. Og vi veit med 100% sikkerheit at det berre er toppen av det berømte isfjellet.

Eit «normalt» døgn på 24 timar kan delast i tre: Søvn, familie, vener og daglegliv, og arbeid. At vi ikkje har det bra på jobb er heilt øydeleggjande, og påverkar ikkje berre den tida vi er på jobb, men også dagleglivet, familielivet og korleis vi søv. Og dette gjeld ikkje berre dei som står i jobb, men også dei som vil inn i arbeidslivet, men ikkje kjem seg inn, eller som blir pressa ut.

Vi i LDO får flest førespurnader knytt til funksjonsnedsetting, etnisitet og kjønn. Vi veit at om lag 100 000 funksjonshemma vil inn i jobb, samtidig som Noreg manglar arbeidskraft. Vi veit at folk som har eit ikkje-norsk klingande namn må søkje fleire jobbar enn meir typiske norske namn for å komme på intervju. Folk blir spurde om dei er gravide på jobbintervju, eller kjem tilbake frå permisjon til andre arbeidsoppgåver. Og eldre blir pressa ut, eller dei blir ikkje innkalla til intervju. Og svært dramatisk er det at kvar femte arbeidstakar er blitt utsett for uønskt seksuell merksemd det siste året. Fire prosent har blitt seksuelt trakasserte. Ekstra alvorleg er det at desse tala er stabile, sjølv etter #metoo, mykje medieomtale og auka medvit hos arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

Mange arbeidstakarar veit ikkje at dei har eit arbeidsrettsproblem. Andre veit ikkje kvar dei skal vende seg dersom dei til dømes har eit spørsmål om arbeidstid og lønn, om avspasering eller overtid, om folk har arbeidskontrakt eller om dei har fått opplæring. Mange unge arbeidstakarar er ferske i arbeidslivet, og mange er ikkje organiserte. Dei som har deltidsarbeid, sommarjobbar eller vikariat er særleg utsette. Derfor er LO sin sommarpatrulje så viktig. Det kan også gjere at unge folk får eit godt første møte med arbeidslivet, og det er utruleg viktig. Det gjev tryggleik, det skaper tillit og det betyr at ein sjølv blir ein god kollega, eller leiar, dersom det er vegen ein ønskjer å gå.

Det å treffe folk der dei er, er utruleg viktig. Også for meg, for sjølv om vi i LDO får mange, mange førespurnader kvart år og vi forsøker å hjelpe folk, er det viktig å komme ut i røyndomen.

Eg gler meg, og ønskjer dykk lukke til med årets sommarpatrulje!

Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon